* Marie Austrheim (tv) og Silje Aarflot lovar å vise kabaret der både kostyme, fart og kjensler er ingrediensane.
Alle foto: Tonje Marie Aarflot.



Cabaret med
høg showfaktor

Musikal Cabaret er ei framsyning med høg showfaktor,
friske rytmar og musikalsong med både norsk og anna språk.

Det er artistane Silje Aarflot og Marie Austrheim som ønskjer velkomen til cabaret. Dei to kvinnene turnerer med Musikal Cabaret og har plukka ut eit pent knippe musikalmelodiar.

Varmt, rått og hot
- Dette vert både teatralsk og musikalsk samt dans, fortel Aarflot som starta dansekarrieren sin ved Ørsta Volda Ballettskule for mange år sidan. Etter musikkutdanning i Noreg gjekk ho tre år ved musikalskulen Millennium Performing Arts i London, der både song, dans og drama var fag. Som trenar på Sats i Oslo er ho i svært god form, men likevel har ho lagt seg i hardtrening kondisjonsmessig no før cabareten.

– Det er utfordrande å både syngje, danse og gjøgle i høgt tempo, seier voldakvinna. Ho har god erfaring i trippelkombinasjonen frå scena i Kristiansand sin Dyreparken, der ho har vore prinsesse i barneframsyninga “Herli Land” dei siste to sommarhalvåra.
Men i “Musikal Cabaret” får publikum møte Aarflot gjennom meir vaksne rollefigurar.

– Det vert både varmt, rått og hot, lover ho. For fire år sidan hadde ho ein turne med “Musikal Cabaret” på Søre Sunnmøre, og no gler ho seg til ei ny oppsetting med nytt repertoar, meir trykk og utvida show.

Kjende musikalske perler
Med seg i “Musikal Cabaret” har Aarflot fått den musikksterke ørstakvinna Marie Austrheim på keyboard. Ho starta også tidleg på den musikalske karrieren sin, med fele i musikkskulen og gått gradene i alle lokale orkester: Aspirantorkesteret, juniororkesteret, ungdomssymfoni-orkesteret og høgskuleorkesteret. I Oslo gjekk ho på Høgskulen i Staffeldtsgate og tok utøvande bachelor innan musikk, med klassisk piano som hovudinstrument. Marie har master i musikkvitskap ved UIO. No er ho tilsett som kantor i Ørsta kommune, og vert mykje nytta som pianist og akkopagnetør på Søre Sunnmøre.
I “Musikal Cabaret” er ho med på å byggje eit solid musikalsk uttrykk og let fingrane danse like imponerande over tangentane som Aarflot dansar, gjøglar og syng på scena.

–Det er stor spennvidde i musikken noko som gjer showet både spanande og morosamt, seier Austrheim.

Cabaret med smell i
Musikal Cabaret er det både fart og smell i. Turnelista går frå Selje i sør til Ålesund i nord. Dei to kvinnene synest det skal bli kjekt å få vise fram noko av det dei har øvt på.
- Vi vil gjere vårt til at du får ein vellukka kveld og lovar å gi alt på scena, seier Silje og Marie.

Silje Aarflot
Marie Austrheim

 

Startside

Speleliste

Kontakt

Video

Fotogalleri

Presseklipp